Pål Sundvor

Faktaboks

Pål Sundvor
Født
8. september 1920, Fusa
Død
1. november 1992

Artikkelstart

Pål Sundvor, norsk forfatter og journalist. Barn har ei viktig rolle i fleire av bøkene hans. Stilen er enkel, varm, stundom med ei lyrisk tone.

Sundvor debuterte i 1947 med barneboka Ola frå garden, og gav mellom anna ut romanane Fangen er fri (1960), Morgon (1967), Paradisporten (1968), Jungel og soldat (1970), Såvis hus (1972), Som nakne fjell (1981) og Blødande mørker (1985).

Han gav òg ut diktsamlinga Loffarens vise (1962), novellesamlingene Ein neve sol (1975) og Dei elskande (1992) og skuespillet Kurdarspel (1978).

Sundvor var ein av dei som forstod høyrespelsjangeren og fekk oppført ei rekkje stykke i NRK, mellom dei Skredenatt (1988).

Han fekk Melsomprisen for Den mørke plogen (1977) og Sunnmørsprisen for Fangen er fri.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg