Møstrond kyrkje
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Møsstrond er eit sokn i Vinje kommune, Telemark, omkring Møsvatn. Soknets areal er 1055 kvadratkilometer, og omfattar delar av Hardangervidda.

På Hovdeøyi i Møsvatn ligg Møsstrond kyrkje, som blir sagt å vera den soknekyrkja som ligg høgast i landet; om lag 950 meter over havet. Hovdeøyi har ikkje vegsamband, og kyrkja blir derfor ofte omtala som Telemarks mest bortgøymte kyrkje. Den første kyrkja på Møsstrond stod klar i 1850, men blei råka av lynet sommaren 1919 og brann ned til grunnen. Den nye kyrkja som blei innvigd i 1923, er ei lafta langkyrkje.

Kart

Møsstrond
Møsstrond
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg