Jeg nekter å tenke, bokomslag

Lotta Elstad er ein norsk forfattar og redaktør med bakgrunn frå Forlaget Manifest og Manifest Tankesmie.

Forfattarskap

Elstads debut var sakprosa. I arbeidet med dokumentaren En såkalt drittjobb tok Elstad jobb som reinhaldar på eit Thon-hotell. Dette er ein metode som ein har høyrt om før frå til dømes den tyske forfattaren Günther Wallraff. Men der Wallraff tok jobb under falsk identitet og i forkledning for å avsløre mørkesidene av tysk medierøynd, arbeidde Elstad under eige namn. Men ho erfarte likevel uføreseielege arbeidstider og andre dårlege arbeidsvilkår, og skreiv ei bok som blir skildra av meldarar som både viktig og lettlesen. Sakprosaboka sine avsløringar om sosial dumping og andre sosio-økonomiske samfunnsproblem skal også ha inspirert Stoltenbergregjeringa til å endre arbeidsmiljølova.

Den skjønnlitterære debuten skjedde på Flamme Forlag, eit forlag som har gitt ut alle Elstads tre romanar. Den siste, Jeg nekter å tenke (2017) tematiserer mellom anna abort og det å vere ung kvinne i Noreg på titalet. Romanen skildrar ymse formar for flukt, og er skrive i eit språk som opplevast som heilt rett for tematikken. Stilen er drivande og full av kraft og forteljarrøysta fandenivoldsk. Denne boka vart solgt til utlandet og kan reknast som Elstads skjønnlitterære gjennombrot.

Utgjevnadar

  • En såkalt drittjobb, sakprosa, Manifest, 2008
  • Ettromsleiligheten, roman, Flamme, 2012
  • Fellesskap som fungerer 1. Om velferdsordingene våre og mytene som truer dem, sakprosa, Manifest, 2013:
  • Et eget rom, roman, Flamme, 2014
  • Den spanske sensasjonen Podemos – og hvordan gjøre venstrepopulisme i krisens tid, sakprosa, Flamme, 2015
  • Jeg nekter å tenke, roman, Flamme, 2017

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg