Artikkelstart
Tysk sosialdemokratisk politikar. Han var borgarmeister i Berlin frå juni 2001 til desember 2014.
Tysk sosialdemokratisk politikar. Han var borgarmeister i Berlin frå juni 2001 til desember 2014.
Han voks opp i ein katolsk familie det dåverande Vest-Berlin. Han er utdanna jurist frå Freie Universität Berlin. I 1972 melde han seg inn i SPD.
Wowereit var den første tyske topp-politikaren som offentleg sto fram som homofil. Det var ei kjent sak at han var det, men i samband med kandidaturet hans til å bli borgarmeister i Berlin, valde han også å fortelje det offentleg. Han sa at "eg er homofil, og det er ein god ting". Utsegna har sidan blitt hyppig sitert.
Han gjekk av som borgarmeister i desember 2014 i samband med dei store forseinkingane og kostnadsoverskridningane ved bygginga av den nye flyplassen i byen, Berlin Brandenburg-flyplassen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.