Kettlebell eller kuleløfting er ein styrkeidrett der utøvarane trener og konkurrerer med kuleforma frivekter festa til eit bøylehandtak. Idretten har sitt opphav frå Russland.
Aktivitet og trening
Ein kettlebell ser ut som ei kanonkule med handtak, eventuelt ei tekanne utan tut, derav det engelske namnet. Denne kula kan kettlebellutøvaren svinge mellom beina. Dermed får han trent kjernemusklane rundt ryggsøyla, samstundes som heile kroppen er i bruk. Utøvaren kan òg svinge, kaste og løfte kettlebellkula på eit utal andre måtar.
For å styre og halde kontroll på kula må personen arbeide slik at han trenar både styrke og kondisjon på éin gong. Bevegelsane er dessutan gode for stabilitet og mobilitet, og kettlebells har difor også vore mykje brukt til rehabilitering.
Kettlebells er laga av jern eller stål, og kulene kjem i to typar, som iron cast og pro line. Desse er til bruk i høvesvis trening og konkurranse. Utøvaren kan justere treningseffekten med val av øving og tyngde på kulene.
Dei vanlegaste øvingane
Øving | Bevegelse |
---|---|
Sving | Svinge kula frå bak mellom beina opp til brysthøgde (engelsk: swing) |
Vending | Svinge kula frå bak mellom beina til kvilestilling inntil brystet (engelsk: clean) |
Press | Løfte kula frå brystkvile til strak arm over hovudet med rolig kropp |
Push press | Løfte kula frå brysthvile til strak arm over hovudet med svikt i kroppen |
Støt | Løfte kula frå brystkvile til strak arm over hovudet ved hjelp av svikt i kroppen og knebøy (engelsk: jerk) |
Vending og støt | Ein kombinasjon av vending og støt (engelsk: long cycle) |
Rykk | Svinge kula frå bak mellom beina i ein jamn bevegelse opp til strak arm over hovudet (engelsk: snatch) |
Knebøy | Djupe knebøy med kula i brystkvile eller på strak arm over hovudet (engelsk: squat) |
Historisk bakgrunn
Idretten kjem opphavleg frå Russland, der han går under namnet «girya», som betyr «vanskeleg» eller «tung ting». På 1700-talet dukka dette opp som det russiske namnet på kulene. Dei skal den gongen ha vore brukt som vektlodd i den russiske varehandelen. Etter kvart byrja arbeidarane å løfte og kaste dei for moro skuld, og seinare vart dei tatt i bruk til vektløfting.
Ein annan versjon av historia seier at kulene først vart brukt som kornknusarar og vektlodd under innhaustinga i landbruket. Gardsarbeidarane tok så kulene i bruk for å løyse opp stive og støle musklar, og dei fann ut at dei vart sterkare av dette.
Sidan 1940-talet har kettlebell vore nasjonalidrett i Russland, og mot slutten av 1900-talet hadde kettlebell som treningsform eit gjennombrot i USA.
I dag er kuleløfting eit vanleg innslag på treningssenter rundt om i Noreg, og det første noregsmeisterskapet i kettlebell vart arrangert i 2012.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
- Fitnessbloggen.no: Rå kraft og treningskultur fra den gamle østblokken
- Kettlebellusa.com: A history of kettlebells
- TV2: Kettlebells er blitt ny NM-gren
- NRK: Dette er den nye treningsformen
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.