Faktaboks

Heiko Maas
Fødd
19. september 1966, Saarlouis
Heiko Maas, 2018
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Heiko Maas er en tysk sosialdemokratisk politikar. Han var utanriksminister i Angela Merkels fjerde regjering, frå 2018. Andre viktige verv: justisminister i Merkels tredje regjering frå 2013 til 2018. Maas var leiar av det sosialdemokratiske parti (SPD) i Saarland, 2000 til 2018.

Bakgrunn

Heiko Mass er fødd og vaks opp i Saarland, er katolikk og er utdanna jurist frå Universitetet i Saarland. I 1992 vart han formann i den sosialdemokratiske ungdomsorganisasjonen Jusos i Saarland. Med sterk støtte frå Oskar Lafontaine vart han to år seinare vald inn i Saarlands landdag. I 2003 var han partiets toppkandidat ved valget til landdagen. Han har hatt fleire ministerpostar i den saarlandske delstatsregjeringa, frå 1998 til 1999 var han minister for miljø, energi og trafikk og frå 2012 til 2013 var han minister for næring, arbeid, energi og trafikk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg