Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane er eit oppslagsverk om Sogn og Fjordane.
Fylkesleksikonet vart gjeve ut på papir av NRK Sogn og Fjordane i 2009. Redaktør var Ottar Starheim. Nettleksikonet vart publisert av NRK til og med 2014, deretter tok Nynorsk kultursentrum over innhaldet og gjorde det til del av leksikonet Allkunne. Frå 2021 tok Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over ansvaret for Fylkesleksikonet.
Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane inneheld om lag 7000 artiklar om kommunar, bedrifter, stader, personar, historie, næringsliv og kulturliv, organisasjonar og mykje anna.
Det aller meste av stoffet var opphaveleg skrive av Ottar Starheim og Kjell Arvid Stølen i NRK. Papirleksikonet var på fire band med 3200 boksider, og hadde mellom anna over 3000 biografiar og 12 000 foto. Verket var unikt i både detaljgrad og omfang.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.