Erling Lægreid

Faktaboks

Erling Lægreid
Født
5. september 1939, Årdalstangen
Død
25. november 2011

Artikkelstart

Erling Lægreid var ein norsk forfattar og journalist. Han var tilsett i NRK frå 1970, programleiar for Ungdommens Radioavis, Flimra og Søndagsavisa.

Opplesing

Lægreid si lakoniske, men satiriske radiostemme gjorde seg særleg gjeldande i kåseri i Dagsnytt 18, eit radioprogram som han var med på å etablere. Også programmet Ekko har mykje av Lægreid sin påverknad.

Lægreid gjorde ein minneverdig opplesnad frå Nærgåande skisser i Aasentunet i Ørsta vinteren 2011, og las, med støtte frå publikum, opptil fleire ekstranummer. Det var godt over midnatt før Lægreid avslutta. Berre dagar seinare kom meldinga om hans brå bortgang.

Bibliografi

  • Fleire nærgåande skisser (Samlaget, 2012)
  • Nærgåande skisser (Samlaget, 2011)
  • Han (Samlaget, 2006)
  • Bak maska (Samlaget, 1994)
  • Då Noreg gjekk av skaftet (Samlaget, 1993)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg