Ensilasjebåten Hordafor III
Ensilasjebåten Hordafor III på Storebø.
Ensilasjebåten Hordafor III
Lisens: CC BY SA 3.0

Ensilasjebåt er ein båt som vert nytta til frakt av ensilasje frå oppdrettsanlegg eller slakteri.

Ensilasjen båtane fraktar er biprodukt frå fisk, som slo, filletavskjær og hovud som vert kverna og tilsett syre for å senke pH-verdien til under 4. Denne prosessen drep mikroorganismar og gjer massen flytande og stabil ved romtemperatur slik at den kan lagrast.

Ensilsjebåtar er utstyrte med kvern for død fisk og kan pumpe fisken direkte frå merdane på fiskeoppdrettet ved stor fiskedød. Mange ensilasjebåtar vert difor nytta til beredskap. Dersom fisk døyr ved eit fiskeoppdrett, kan båtane rykke ut for å ensilere fisken. Ved ensilering vert den døde fisken samla inn, kverna og ensilert. Ensilasjen skal ha ein stabil pH under 3,8. Dette blir målt med ein pH-målar og justert med tilstrekkeleg mengd maursyre.

Ensilsasjen som vert samla inn vert ofte nytta til biogass, som ingrediens i fôr til pelsdyrnæringa eller som råstoff i fiskemjølindustrien.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg