Eirik Ingebrigtsen

Faktaboks

Eirik Ingebrigtsen
Født
5. mai 1975, Os, Hordaland
Foto: Tove K. Breistein
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Eirik Ingebrigtsen. Vesen. Oktober.

Artikkelstart

Eirik Ingebrigtsen er ein norsk forfattar. Han debuterte i 2001 med romanen Vesen. Ingebrigtsen sin forfattarskap er prega av gode og uvanlege skildringar av einsemda til enkeltmennesket.

Forfattarskapen

Snø dempar lyd, tre lukkar inne (2003) beskriv tre generasjonar menn i ein familie som bevegar seg mot fullstendig oppløysing, skildra med stor sårheit og innsikt. Vendrakovic (2006) og Viddesyn (2009) fjernar seg frå det maskuline perspektivet med dei sterke kvinneskikkelsane sine. Romanane utmerker seg også med innsiktsfulle skildringar av relasjonar. I 2007 vart Ingebrigtsen valt ut som norsk forfattar til «Scritture Giovanni». Hans neste roman, Heimfall. Ei juleforteljing (2012), vart kortlista til P2-lyttaranes romanpris i 2012. I 2013 fekk Ingebrigtsen Sultprisen for forfattarskapen sin.

Ingebrigtsen sat i Den norske Forfattarforeininga sitt Litterære råd frå 2011 til 2017, dei fire siste åra som leiar av rådet.

Bibliografi

  • Kvit bok mørk vinter (Roman, Oktober, 2018)
  • Spikrar frå fallande plankar (Roman, Oktober, 2015)
  • Heimfall. Ei juleforteljing (Roman, Oktober, 2012)
  • Viddesyn (Roman, Oktober, 2009)
  • Vendrakovic (Roman, Oktober, 2006)
  • Snø dempar lyd, tre lukkar inne (Roman, Oktober, 2003)
  • Vesen (Roman, Oktober, 2001)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg