Changchun

Changchun, by i nordaustlege Kina, Dongbei (Mandsjuria), hovudstad i provinsen Jilin, på Songliaosletta ved elva Yitong. Storbyområdet har 3 762 000 innbyggjarar (estimat for 2015, FNs befolkningsdivisjon); av desse er om lag halvparten koreanarar, 300 000 mandsjuriarar og 70 000 mongolar.

Faktaboks

uttale:
tʃaŋtʃun

Byen er eit jernbaneknutepunkt og ein viktig industriby. Opphaveleg sentrum for den kinesiske bilindustrien. Her blir det produsert personbilar, lastebilar, traktorar, bildelar, bildekk m.m. Kjemisk og farmasøytisk industri; produksjon av verktøy og presisjonsinstrument. Universitet, høgskolar og forskningsinstitusjonar. Store skogområde rundt byen.

Changchun blei grunnlagd på 1800-tallet som ledd i ein større kinesisk kolonisering. I perioden 1931–45 var byen hovudstad i den japanske lydstaten Mandsjukuo under namnet Hsinking. Changchun fekk store øydeleggingar under den sovjetiske okkupasjonen 1945–46. Byen blei etter 1949 eit av dei fremste sentera for industriutbygging i Nord-Kina.

Les mer i Store norske leksikon

Kilder

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg