Faktaboks

Øystein Holt
Fødd
13. juni 1959, Horten

Øystein Holt er ein tidlegare vektløftar, som ved fleire høve deltok i EM og VM. Med sine sju kongepokalar er han ein av dei mestvinnande vektløftarane i Noreg.

Karriere

Øystein Holt starta karrieren som 12-åring i Horten Atletklubb. Han var ein talentfull vektløftar, og allereie året etter tok han sitt første NM-gull på ungdomsnivå. Då han i 1980 debuterte i senior-NM, slo han gjennom og tok sitt første av totalt tolv NM-gull.

I 1982 vann han kongepokalen som beste vektløftar i NM uansett klasse. Det var den første av totalt sju kongepokalar. Berre Stian Grimseth har fleire med sine ti kongepokalar.

Holt vart i januar 1983 utstengd frå all idrett i to år, etter at han saman med vektløftaren Tage Knutsen nekta å avleggje dopingprøve på grunn av det mennene meinte var feil i innkallingsprosedyrene til Noregs idrettsforbund. Holt og Knutsen nekta å vere skuldige i doping og anka avgjerda, og i mars same året sette idrettsforbundet sitt appellutval straffa ned til eitt år.

Holt vann nordisk meisterskap då han kom tilbake etter utestenginga, og han heldt fram med ni strake NM-gull fram til han trappa ned satsinga i 1993. Han la opp for godt i 1998. Etter den aktive karrieren var Holt trenar for Stian Grimseth og sportsleg koordinator i Noregs Vektløftarforbund.

Merittar

  • Fire gongar nordisk seniormeister
  • Tolv individuelle senior-NM i perioden 1980-1993
  • Sju kongepokalar
  • Sjetteplass i EM, åttandeplass i VM (1982)

Klubbar

  • Horten Atletklubb
  • Tønsberg-Kameratene

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg