Gjesdal er ein kommune i Rogaland fylke, søraust for Sandnes. Gjesdal ligg i overgangen mellom Høg-Jæren, Ryfylke og Dalane og grensar i aust til Agder fylke.Kommunen vart oppretta i 1837 då det kommunale sjølvstyret vart innført. Den fekk dei noverande grensene sine i 1965 då søre del av tidlegare Forsand, austre del av tidlegare Høle, og dessutan mindre delar av Bjerkreim (Nedre Maudal) og ein ubebodd del av Time, vart overført til kommunen. Hele artikkelen