Reproduktiv rate er talet på avkom som kvart individ i ein populasjon i gjennomsnitt produserer i livet, ofte kalla R0. For artar med to kjønn definerer ein gjerne reproduktiv rate som gjennomsnittleg tal på holege avkom produsert per ho. Reproduktiv rate er eit viktig mål innan populasjonsdynamikk. Når R0 = 1 er populasjonsstorleiken stabil. Populasjonar med R0 < 1 vil minka, medan dei med R0 > 1 vil veksa.

Faktaboks

Også kjend som

netto reproduktiv rate, grunnleggjande reproduktiv rate

For mikroparasittar definerer ein R0 som det gjennomsnittlege talet individ som vert smitta av kvart smitta vertsindivid.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg