Melamazon
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Melamazon er ein stor papegøyefugl i papegøyefamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Amazona farinosa
Beskriven av
(Boddaert, 1783)

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 750 gram og hofuglane rundt 620 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Melamazon er ein planteetar som lever av frukt og frø som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

melamazon
Amazona farinosa
Artsdatabanken-ID
178857

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg