Marmorfroskemunn er ein fugleart i froskemunnfamilien og har naturleg utbreiing i Oseania og Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Podargus ocellatus
Beskriven av
Quoy & Gaimard, 1832

Vaksne hannar veg rundt 260 gram og hofuglane rundt 170 gram.

Arten er knytt til plantasjar, fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Marmorfroskemunn er aktiv på natta når han jaktar på virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fire veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

marmorfroskemunn
Podargus ocellatus
Artsdatabanken-ID
176835

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg