Maharajatrappe
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 3.0

Maharajatrappe er ein fugl i trappefamilien og ein av dei største fugleartane i verda. Arten har naturleg utbreiing i India og Pakistan.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ardeotis nigriceps
Beskriven av
(Vigors, 1831)

Vaksne hannar veg rundt elleve kilo og hofuglane rundt 5,1 kilo.

Arten er knytt til tørr tropisk grasmark. Maharajatrappe lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), frukt og frø som han finn på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

maharajatrappe
Ardeotis nigriceps
Artsdatabanken-ID
175433

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg