Lensetakkel er eit stag som går frå fokkestagets festepunkt på masta og ned til dekket på kvar side akterut. Det blir slakka på lesida for å gje plass for storseglet. Trass namnet er lensetakkel viktigast på bidevind for å halda masta rett og stramma forstaget.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg