Artikkelstart
Fandango er ein norsk selskapsdans, seinare folkedans av kontradansslekta, med namn lånt frå ein spansk dans.
Faktaboks
- Uttale
- fandˈango
Den spanske dansen er kjend frå tidleg på 1700-talet i tredelt takt, og spreidde seg til mange delar av verda. Den store mengda av kontradansar som spreidde seg over Europa på 1700- og 1800 fekk alle moglege slags individuelle namn. Det er nok berre namnet fandango og ikkje forma som den norske kontradansen hadde då han kom i bruk i Noreg først på 1800-talet. Det er ein engelsk kontradans i rekkeoppstilling, men med par i begge rekkene. Musikken har to vek i todelt takt og ei vek vals og svarar til ein omgang av dansen, og dansen blir gjerne dansa i mange omgangar.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.