Damaratoko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Damaratoko er ein fugleart i hornfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Angola og Namibia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Tockus damarensis
Beskriven av
(Shelley, 1888)

Vaksne hannar veg rundt 150 gram og hofuglane rundt 130 gram.

Arten er knytt til tørr tropisk skog, tørr savanne, og tørr og høgtliggjande tropisk buskmark.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 28 dagar. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

damaratoko
Tockus damarensis
Artsdatabanken-ID
177668

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg