Afrikagapenebb
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Afrikagapenebb er ein fugleart i storkefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Anastomus lamelligerus
Beskriven av
Temminck, 1823

Som vaksen er fuglen ca. 80 cm lang, hannfuglar veg rundt 1,2 kilo og hofuglane rundt 1000 gram.

Arten er knytt til vatna landområde, overfløymd tropisk grasmark og ulike våtmarkshabitat. Afrikagapenebb lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i vassoverflata.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 28 dagar. Ungane forlèt reiret om lag åtte veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

afrikagapenebb
Anastomus lamelligerus
Artsdatabanken-ID
174869

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg