Artikkelstart
Midtens rike, eller meir presist Det sentrale riket, er norsk for Zhongguo, som no er det vanlegaste kinesiske namnet på Kina.
Faktaboks
- Etymologi
- frå kinesisk Zhongguo 中国; Riket i midten
- Også kjent som
-
Zhongguo
Fram til for om lag to hundre år sidan var det vanleg i Kina å bruka dynastiske namn ( altså namn som skiftar frå eit dynasti til eit anna) om det me i dag kallar Kina.
Før vår tidsrekning blei Zhongguo brukt om ulike område på dei nordkinesiske slettene. Etter kvart blei omgrepet brukt om det som er innanfor den kinesiske kulturområdet, i motsetnad til det som er utanfor dette, men frå Handynastiet (206 fvt.–220 evt.) til Ming (1368–1644) og Qing (1644–1911) var namnet lite brukt. Det var fyrst i møtet med europeiske statar i siste del av Qingdynastiet at namnet Zhongguo kom i vanleg bruk.
Mykje er skrive om namnet Zhongguo (中国), gjerne med det formål å skapa ei forståing av Kina som ein nasjonalstat i moderne tyding. Det er viktig å hugsa at namnet har hatt skiftande innhald opp gjennom tida.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.