Faktaboks

Kim Eirik Tollefsen
Fødd
24. desember 1989, Sola
Kim Eirik Tollefsen løftar 205 kilo i støt under VM i vektløfting 2019
Kim Eirik Tollefsen løftar 205 kilo i støt under VM i vektløfting 2019
Av .
Kim Eirik Tollefsen løftar 200 kilo i støt under NM i 2019
Kim Eirik Tollefsen løftar 200 kilo i støt under NM i 2019
Av .

Kim Eirik Tollefsen er ein norsk vektløftar, som frå 2011 har vunne elleve NM-gull på rad. Han har vunne ti kongepokalar.

Tollefsen sikra seg sin første NM-medalje då han tok sølv i -105-kilosklassen under NM i 2007. Dei to åra etter tok han bronse og sølv. Det første NM-gullet kom i 2011, og fram til 2022 tok Tollefsen gull kvart år – fire av desse kom i +105 kilo.

Kvart år i perioden 2013 til 2022 har han dessutan teke kongepokalen som beste løftar uansett vektklasse i noregsmeisterskapen.

Tollefsen har ved fleire høve delteke i EM, der han har ein niandeplass frå 2018 som beste plassering. Same året deltok han for første gong i VM, der han enda på 23. plass i klassen +109 kilo.

Under VM i Thailand i 2019 sette Tollefsen norsk rekord med 367 kilo samanlagt. Han fekk godkjende løft på 162 kilo i rykk og 205 kilo i støt.

Tollefsen enda på 19. plass samanlagt under VM i colombianske Bogota i 2022. Han var den einaste kvalifiserte norske herreløftaren i meisterskapet.

Klubbar

  • Stavanger VK (2001-2011)
  • Tønsberg-Kameratene (2011-)

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg