Irvin D. Yalom er ein amerikansk forfattar og psykiater. Han har hausta høg anerkjenning for ei rekkje faglitterære verk, mellom anna The Theory and Practice of Group Psychotherapy (1970), Existential Psychotherapy (1980) og Inpatient Group Psychotherapy (1983).
Dessutan har han skrive skjønnlitteratur med sterk tilknyting til faget sitt, mellom anna Love's Executioner and Other Tales of Psychotherapy (1989), When Nietzsche Wept (1992; norsk omsetjing Då Nietzsche gret, 1997) og Lying on the Couch (1996; norsk omsetjing Dobbeltspill i sjeledypet, 1999). Her prøver han å skape ein ny sjanger, «the teaching novel».
Antologien The Yalom Reader kom i 1997, Momma and the Meaning of Life: a Collection of True and Fictionalized Tales of Therapy i 1999 (norsk omsetjing Mamma og meininga med livet: terapeutiske forteljingar, 2000), og The Schopenhauer Cure i 2005.
Yaloms bøker har blitt omsette til ei rekkje språk og har vunne stor popularitet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.