Ingunn Solheim

Ingunn Solheim.
Av /NRK.

Artikkelstart

Ingunn Solheim er ein journalist og programleiar i NRK, best kjend frå program viet politikk og debatt.

Bakgrunn

Ingunn Solheim har bachelorgrad i statsvitskap ved NTNU (2003) og mastergrad i juss ved Universitetet i Oslo (2011). Mastergradsoppgåva hennar hadde tittelen «Grunnlovsfesting av diskrimineringsvernet. Sikring av eit reelt individvern».

Journalist

Solheim byrja journalistkarrieren som nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane, der ho arbeidde i periodar mellom 1999 og 2002. Seinare har ho vore journalist i radiokanalen Kanal 24 (2003–06) og nyhendeanker i TV 2 (2006–08). I tillegg har ho hatt sommarengasjement i Dagens Næringsliv (2008).

I 2009 byrja Solheim i NRK, og sidan 2011 har ho vore tilsett som politisk journalist der. Solheim var programleiar for valsendingane i 2011 og 2013, og frå 2014 til 2018 var ho programleiar for NRK Debatten.

Språkbrukar

Som programleiar har Solheim vist seg som ein modig og stødig ordstyrar, og spørsmåla hennar er utforma i eit klart språk. Solheim er ikkje berre medviten om rolla si som journalist og programleiar, ho er òg ein medviten språkbrukar og ein god representant for moderne, lettfatteleg nynorsk.

Solheim fekk Kringkastingsprisen i 2013, nettopp for å ha vore «ein god representant for nynorsk i fjernsynet». I 2014 fekk ho Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg