Faktaboks

Hildeborg Juvet Hugdal
Fødd
5. juli 1983, Sauda

Hildeborg Juvet Hugdal er ein norsk styrkeløftar frå Sauda. Ho er både europameister og verdsmeister i styrkeløft.

Hildeborg Juvet Hugdal vart verdsmeister to gongar og med med 16 års mellomrom. Første gongen var under VM i Stavanger i 2006, og seinare klarte ho det igjen i 2022.

Ho tok også gull i EM i 2008, 2013, 2014, 2019 og 2022. Hugdal er noregsmeister ei rekkje gongar, og ho har sett fleire verdsrekordar i styrkeløft.

Merittar

  • VM-gull 2006 og 2022
  • EM-gull i 2008, 2013, 2014, 2019 og 2022

Hildeborg Juvet Hugdal er per juli 2021 innehavar av noregsrekordane i markløft, benkpress, knebøy og samanlagt.

I full konkurranse med alle tre øvingane har Hugdal verdsrekorden i benkpress i vektklasse +84 kilo. Verdsrekorden er på 230 kilo og vart sett under VM i styrkeløft i 2022.

Etter VM i 2022 takka Hildeborg Juvet Hugdal for seg på landslaget i styrkeløft. Før meisterskapet annonserte ho og at det ville hennar siste VM i styrkeløft.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg