Forsvarsmedaljen
Morten Klever fikk Forsvarsmedaljen med laurbærgren av forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen i 2017.
Forsvarsmedaljen
Av /NTB.

Forsvarsmedaljen er ein norsk militær fortenestemedalje som vert delt ut av Forsvarssjefen for lang teneste eller særleg dugleg innsats i eller for det norske forsvaret. Forsvarsmedaljen vart innført i 1981.

Medaljen kan delast ut til norsk og utanlandsk militært og sivilt personell som har gjort til saman 25 års teneste i Forsvaret. Det delast ut ei ny stjerne for kvart femte år med vidare teneste; inntil tre stjerner. Frå 2005 kan medaljen og delast ut til områdesjefar i Heimvernet med ti års teneste. Forsvarsmedaljen kan, etter endring av statuttane i 2011, og tildelast norsk og utanlandsk personell i og utanfor Forsvarets organisasjonen som på ein «fortjenestefull måte har bistått det norske forsvar».

Forsvarsmedaljen med laurbærgrein var innstifta i 1981. Den kan delast ut av Forsvarssjefen til personar som har ytt særleg stor personleg dugleik og gjort en rosverdig innsats for det norske forsvaret. Han kan óg bli delt ut for fagleg dugleik, eller til personell beordra til særleg krevjande stillingar.

Forsvarets medalje for edel dåd, som vart innført samtidig, kan delast ut til militære eller sivile som til dømes har vore rådsnare under farefulle forhold.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg