Annual Register

Annual Register er ei britisk årbok utgjeven i London. Boka gjev oversyn over føregående års hendingar i politikk, kunst, vitskap og liknande i Storbritannia og verda elles. Annual Register har blitt utgjeve utan avbrot sidan 1758, då det vart stifta av James Dodsley. Boka er førebilete for ei lang rekkje liknande publikasjonar.

Faktaboks

Uttale
ˈænjuəl rˈedʒistə

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg