Einar Hovdhaugen var bonde, politikar og kulturhistorikar, organisasjonsmann og målmann. Han var rotfast i heimbygda, men hadde samstundes eit vidt utsyn mot verda: “Ein er ein del av Europa og verdssamfunnet sjølv om ein bur i ein utkant av Gudbrandsdalen,” sa han sjølv.
Han var fødd på bruket Hovdhaugen i Venabygd i Ringebu, men da han var 12 år, overtok familien Venåsen, slektsgarden til mora. Her budde han det meste av livet. Han hadde lite av formell skolegang. Etter å ha fullført folkeskolen, gjekk han to år på fylkesskolen i Ringebu. Han var odelsgut, og 30 år gamal tok han over heimegarden. Ei tid var han lærar på folkeskolen i Venabygd, men i ledige stunder las han mykje og tileigna seg meir kunnskap, og han kom til å engasjere seg spesielt på to område, som politikar og som kulturhistorikar.
Det politiske engasjementet kom tidleg. Alt i 1930-åra var han med i skolestyre og kommunestyre i heimbygda. Men det var ikkje sjølvsagt at han skulle velje Bondepartiet. Partiet verka konservativt på han, og han såg mykje positivt i arbeidarrørsla. Men han fann likevel at Bondepartiet tok best vare på bygdeinteressene, ikkje minst ut frå kva som vart gjort for landbrukssamvirket. Han vart først med i Bondelaget, og her hadde han fleire verv, både regionalt og nasjonalt. Seinare gjekk han inn i Bondepartiet. 1946–49 var han generalsekretær i partiet og gjorde eit stort arbeid med å bygge det opp att etter krigen.
I åra 1958–69 var Hovdhaugen stortingsrepresentant frå Oppland, etter at han hadde møtt som vararepresentant 1957. Heile stortingstida si sat han i kyrkje- og undervisningskomiteen og vann her stor respekt i vide krinsar. Han var prega av toleranse og pragmatisme. For han hadde ei sak alltid to sider. Det var skolepolitikken som sto han nærast. Men han engasjerte seg også mykje i språkpolitikken. Han var ingen fanatisk stridsmann for nynorsken, men hadde ei tid stor sympati for språkleg samling. Han sa frå seg attval 1969.
Hovdhaugen skreiv i alt 18 bøker. Den første var Strålebrua, ei samling barneforteljingar frå 1939; den siste var Frå det gamle arbeidslivet (1993). Mellom desse kom ei rad med bøker, bygdebøker og bøker med kulturhistoriske emne, som t.d. om utvandringa til Amerika, om husmannstida, om kårskipnaden i bondesamfunnet og om det gamle arbeidslivet. Han skreiv elles ei lang rad med lokalhistoriske artiklar, og var ei tid redaktør for Årbok for Gudbrandsdalen, der han også skreiv mykje.
Einar Hovdhaugen hadde mange offentlege verv. Han sat m.a. i Landbruksrådet, Krinkastingsrådet og Norsk språknemnd, og han var formann i Kringkastingsringen og i styret for Riksteatret. Han sat i Teaterkomiteen av 1960, Folkeskolekomiteen av 1963, Vogt-komiteen (komiteen til å vurdere språksituasjonen) og i Nobel-komiteen, der han trekte seg i protest etter at Henry Kissinger og Le Duc Tho fekk fredsprisen 1973. Han vann fleire prisar, som Kulturprisen for Gudbrandsdalen, Ringebu kommunes kulturpris, Norsk Kulturråds lokalhistoriske pris og Austmannaprisen. 1976 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.