Artikkelstart
Einar Hovdhaugen var bonde og politikar, forfattar, målmann og kulturhistorikar.
Einar Hovdhaugen var bonde og politikar, forfattar, målmann og kulturhistorikar.
Einar Hovdhaugen var fødd i Ringebu i Oppland (no Innlandet). Einaste skulegonga etter udelt folkeskule ni veker i året var to år på fylkesskulen i Ringebu i 1925–1927.
Alt i 1930-åra kom Hovdhaugen med i skulestyret og kommunestyret i heimbygda. Han valde Bondepartiet, men såg mykje positivt i arbeidarrørsla. Etter andre verdskrigen, frå 1946 til 1949, var han generalsekretær i Bondepartiet og la ned eit stort arbeid i å gjenreise partiet.
I åra 1958–1969 var han stortingsrepresentant frå Oppland. Heile tida sat han i kyrkje- og undervisningskomiteen. Ved sida av skulepolitikken var han oppteken av språkpolitikk. Han var nynorskbrukar, var medlem i Noregs Mållag og formann i Kringkastingsringen i 1957–1960. Ei tid sympatiserte han med Landslaget for språklig samling. Han var med på å skipe organisasjonen i 1959.
Hovdhaugen hadde mange verv. Han sat i arbeidsutvalet i Norges Bondelag i 1955–1959, var medlem av Landbruksrådet i 1955–1959, Kringkastingsrådet i 1957–1973 og varamedlem i Norsk språknemnd i 1953–1966, medlem i 1966–1972. Han sat i styret for Riksteatret i 1949–1968 og var formann i 1968–1972, var medlem av Teaterkomiteen av 1960, Folkeskulekomiteen av 1963 og Komiteen til å vurdere språksituasjonen av 1964 (Vogt-komiteen). Då Henry Kissinger og Le Duc Tho fekk fredsprisen i 1973, trekte han seg i protest som medlem av Nobelkomiteen.
Han skreiv om lag 20 bøker. Den første, Strålebrua, kom i 1939 og var ei samling barneforteljingar. Seinare følgde bygdebøker for Ringebu og Fron, kulturhistoriske bøker om mellom anna utvandringa til Amerika, om husmannstida, om kårskipnaden i bondesamfunnet, om ekteskap og kjønnsmoral i norsk historie og bøker om slektsgransking. Den siste boka kom i 1993, Frå det gamle arbeidslivet. Arbeidsmåtar, reiskapar og nemningar. Han skreiv òg mange lokalhistoriske artiklar og sat i styret i Dølaringen i 1932–1940.
Hovdhaugen vart heidra med Kulturprisen for Gudbrandsdalen (1971), Austmannaprisen (1976), Norsk Kulturråds lokalhistoriske pris (1978) og Ringebu kommunes kulturpris. I 1976 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.