Varedeklarasjon er korte opplysningar om ei vares kvalitet og eigenskapar, som er oppgjeven på vara eller emballasjen.

Etter lov om merking av forbruksvarer med vidare av 18. desember 1981 kan Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet gi forskrifter om at enkelte vareslag, grupper eller typar av forbruksvarer skal utstyrast med merking som gir opplysning om produsent eller importør, samansetninga av vara, vekt, mål, volum, storleik, talet på og andre eigenskapar som ikkje kjem fram av vara sjølv, men som har noko å seie for vurderinga til forbrukaren av ho.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg