Tryptase er eit proteinspaltande enzym som blir frigjort frå mastceller ved ein allergisk reaksjon. Tryptase blir brukt i laboratoriediagnostikken for å undersøke om pasienten nyleg har hatt ein sterk allergisk reaksjon, ein såkalla anafylaktisk reaksjon. Måling av tryptase i blodprøve (blodserum) blir også nytta i diagnostikken av sjukdommen mastocytose.

Biokjemisk er tryptase i mastcellene ein serinproteinase.

Biomarkørar for anafylaktisk reaksjon

Histamin er eit svært viktig signalstoff i mekanismen ved allergiske reaksjonar. Det blir raskt brote ned og har ei halveringstid på berre eitt til seks minutt. Histamin er derfor lite eigna som biomarkør ved ein anafylaktisk reaksjon. Tryptase er meir stabilt, og har ei halveringstid på 90–120 minutt. Det vil derfor vere eit auka nivå av tryptase i blodet så lenge etter reaksjonen at det lettare kan nyttast i diagnosearbeidet.

Normalt er det eit visst nivå av tryptase i blodserum, men dette nivået er ulikt hos ulike personar. Ei enkelt måling av tryptase er derfor av mindre nytte i allergidiagnostikken. Ein treng minst to målingar for å finne ut om nivået av tryptase dei første timane etter at reaksjonen har starta er høgare enn nivået seinare, når tilstanden har normalisert seg att. Tryptase stig ein til fire timar etter den allergiske reaksjonen, og vil vere attende på pasienten sitt normale nivå etter 12–24 timar. I diagnostikken vil ein derfor når det er råd samanlikne målingar frå desse to tidsintervalla. Ein bør ikkje måle tryptase tidlegare enn éin time etter at reaksjonen har starta, fordi det tek litt tid før stigninga kjem. Det ideelle for første måling synest vere måling etter éin til to timar.

Tryptase aukar ved all mastcelledegranulering, også ved ikkje-allergisk anafylaktisk reaksjon.

Lave nivå av tryptase i ein blodprøve kan ikkje fjerne mistanken om allergisk reaksjon. Auke i nivået av tryptase i serum ser ut til å vere noko mindre vanleg ved matallergi enn ved annan allergi.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg