Referatforbod er eit juridisk omgrep for at ein ikkje kan referere frå eit rettsmøte.

Faktaboks

Også kjend som

bokmål referatforbud

Hovudregelen er at ein kan referere, men dersom møtet blir halde for lukka dører og retten finn at forhandlingane, eller ein del av dei, av særlege grunnar bør bli haldne hemmelege, kan han ved orskurd gi pålegg om det.

I saker etter ekteskapslova, barnelova og mellom ektefellar eller fråskilde om fordeling eller tildeling av formue gjeld det referatforbod uansett.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg