ragebait

Ragebait er klikkåte (clickbait) som har som formål å opprøre eller gjere sint, og slik skape interaksjon med ei lenke eller ei sak.

Faktaboks

etymologi:

frå engelsk, samansetning av rage 'sinne' og bait 'agn'

også kjent som:

sinnetråling, raserifelle, krenkefelle

Ved bruk av vinklingar i tittel, ingress og brødtekst og inkludering av utvalde personar og fenomen vil ein med ragebait provosere fram ein sint reaksjon og få lesaren til å klikke seg inn, like eller dele saka, og kommentere på henne i kommentarfelt eller i sosiale medium. Slik skal saka «gå viralt». Ragebait skal gjerne stadfeste og forsterke eksisterande fiendebilete.

Det eksisterer per 2020 ikkje nokon einigheit om ei norsk omsetjing av omgrepet, men sinnetråling og raserifelle har vore nytta i enkelte samanhengar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg