Terje Ogden er forskingsdirektør ved Senter for studier av problematferd og innovativ praksis, Atferdssenteret – Unirand, og professor II ved Psykologisk Institutt, Universitetet i Oslo.

Ogden har vore sentral innan forsking og praksisutvikling innan eit breitt spekter av fagområder knytt til førebygging og behandling av alvorlege åtferdsproblem hos barn og unge. Ogden har publisert ei  rekkje lærebøker og forskingsartiklar. Publikasjonane omfattar mellom anna tema som klasseleiing, sosial kompetanse, implementering og evaluering av evidensbasert praksis i arbeidet med åtferdsproblem mellom barn og unge. Han har vore sentral i innføring, tilpassing og evaluering av tiltak som Multisystemtisk Terapi (MST), Parent Management Training (PMTO) og Postiv atferd, støttende læringsmiljø og samhandling (PALS).

Han har vore leiar av Barnevernets Utviklingssenter (1987–96) og har hatt ei sentral rolle i oppbygging og utvikling av Atferdssenteret sidan det vart oppretta i 2003. Ogden har òg hatt ei rekkje verv og oppgåver innan forsking både nasjonalt og internasjonalt.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.