Maria Kjos Fonn

Maria Kjos Fonn (1990) er ein norsk forfattar med bakgrunn frå journalistikk.

Kjos Fonns debut Dette har jeg aldri fortalt til noen var på kortlista til Tarjei Vesaas debutantpris 2014, og fekk Aschehougs debutantpris. Allereie med andreboka Kinderwhore braut Kjos Fonn gjennom for alvor. Boka blei nominert til Brageprisen, P2-lyttarane sin romanpris og Oslo-prisen. Ho fekk Tanums kvinnestipend 2019.

Kinderwhore følgjer på mange måtar opp tematikk frå debuten, som overgrep og kvinnerolle. Også språkleg går det ei line frå debuten til andreboka. Men der debuten er karakterisert av driv og språkleg kraft, tek andreboka det vidare. Boka er skrive i eit løvetannspråk som sprenger berg. Kjos Fonn bruker egperspektiv til å skildre opplevinga av incest innanfrå. Ho får fram det samansatte i situasjonen, og teiknar samtidig eit sterkt portrett av ein skarp og samtidig sårberr egperson.

Verk

  • Kinderwhore (roman, Aschehoug, 2018)
  • Dette har jeg aldri fortalt til noen (noveller, Aschehoug, 2014)

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg