Fullverdiforsikring er ei form for forsikring av bygningar, der forsikringsselskapet tek på seg ansvaret for at bygningen til kvar tid er forsikra for sin verkelege verdi, om det er dagsverdien eller nyverdien.

Som grunnlag for premieberekninga blir det halde ein førehandstakst eller ei skjemavurdering som ikkje er bindande ved eit eventuelt skadeoppgjer.

Premiegrunnlaget blir regulert med jamne mellomrom i samsvar med ein fastsett indeks for byggjekostnader. Tilbygg eller anna vesentleg forandring som innverkar på forsikringsverdien, må meldast til selskapet, elles vil reglane om underforsikring bli aktuelle ved skade.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg