Lydintensitet er den lydenergien som i eitt sekund strøymer gjennom ei flate på 1 m2 vinkelrett på forplantningsretninga til bølgja. Lydintensiteten blir målt i watt/m2.

Det er som regel små energimengder i lyd. Den svakaste lyden eit normalt menneskeøyre kan oppfatte, har intensiteten 0,000 000 000 001 watt/m2, og inn i øyreopninga på ca. 1 cm2 kjem berre titusendelen av dette.

Lyd som gjer vondt i øyret, har intensiteten 10 watt/m2 , eller 0,001 watt inn i øyret. Vi brukar watt for å angje utstrålinga av lyd frå ei kjelde.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg