Flokkimmunitet
Den øvste delen av figuren illustrerer korleis sjuke eller smitteførande personar (raude) kan starta og føra vidare eit sjukdomsutbrot i ei befolkning som er utan immunologisk vern mot sjukdommen (grøne figurar). I den mellomste er berre nokre personar immune (blå). Då oppnår ein ikkje flokkimmunitet, og det kan utvikla seg til ein epidemi. I den nedste delen er det så mange som er immune (blå), at ein epidemi ikkje vil bryta ut.
Flokkimmunitet
Av .

Flokkimmunitet er den samla motstandsevna befolkninga har mot smittsam sjukdom. Meir presist er det den spesifikke, immunologiske motstandsevna i ei befolkning eller ei gruppe av individ. Flokkimmuniteten er høg når ein stor del av individa i befolkninga er immune mot sjukdommen, og låg når det er få eller ingen individ som er immune.

Faktaboks

Også kjend som

flokkbeskyttelse, engelsk herd immunity

Immunitet kan ein oppnå anten ved å gå gjennom den smittsame sjukdommen eller ved å bli vaksinert mot han. I nokre tilfelle kan ein gå gjennom sjukdommen utan å merka at ein er sjuk.

Kor stor del av befolkninga som må vera immun for at flokkimmuniteten skal hindra sjukdommen i å spreia seg, er avhengig av smittegraden til sjukdommen – altså kor smittsam sjukdommen er. Smittegraden kan under gitte føresetnader uttrykkjast som det effektive eller det basale reproduksjonstalet.

Dersom kvar enkelt smitteberande person i gjennomsnitt overfører sjukdommen til R personar i ei usmitta befolkning, vil den teoretiske prosentdelen som må vera immune for å hindra utviklinga av ein epidemi, vera 1 − 1 / R. Det vil seia at dersom smitten i gjennomsnitt blir overført til 2 personar frå kvar person som er smitta, vil det vera nødvendig med ein andel på 1 − ½ = 0,5 = 50 prosent immune i befolkninga for at flokkimmuniteten skal hindra utvikling av ein epidemi. Det betyr i praksis at etter kvart som det i forløpet av ein epidemi blir fleire og fleire immune, vil færre og færre bli sjuke, og epidemien vil døy ut av seg sjølv.

Eit vesentleg poeng med flokkimmunitet, i tillegg til at han motverkar eit utbrot av epidemi, er at ein også får skjerma dei få personane som av ulike grunnar ikkje kan vaksinera seg mot å bli sjuke, fordi dei alle fleste som dei er i kontakt med, ikkje overfører smitte.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg