Melih Cevdet Anday, tyrkisk dikter. Han danna frå byrjinga av 1940-åra saman med Orhan Veli og Oktay Rifat den poetiske rørsla Garip ('merkeleg'), som representerte eit brott med både den tradisjonelle osmanske og den fransk-inpirerte tyrkiske diktinga. Andays dikt vitnar om eit djupt samfunnsengasjement, men frå 1960-åra av vende han seg meir og meir til eit intellektuelt publikum, som i diktsyklusen Kolları Bağlı Odyssevs (Den bundne Odyssevs, 1962), der han tek føre seg dei fundamentale livsvilkåra for menneska. Himmelkart (1999) er ein antologi over Andays dikt på norsk, gjendikta av Nefise Özkal Lorentzen og Henning Kramer Dahl.
Melih Cevdet Anday
Faktaboks
Melih Cevdet Anday
- Uttale
-
m'elih dsj'evdet 'andai
- Fødd
- 1915, Istanbul
- Død
- 2002, Istanbul
Les mer i Store norske leksikon
Universitetet i Oslo
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.