Atle Berge

Faktaboks

Atle Berge
Født
17. mai 1986, Hokksund, Viken

Artikkelstart

Atle Berge er ein norsk forfattar. Han debuterte i 2010 med romanen Muntergang.

Bakgrunn

Berge er utdanna journalist og jobbar i Norsk Forfattersentrum.

Forfattarskap

Tittelen på debutromanen rommar både «munter» og «untergang», og han brukar begge i ei munter blanding. Berge fører saman to heilt ulike menneske og stiller usunn livsstil opp mot Alvorets sikkerheitsteneste (AST). Kva er verst?

Etter debutboka gjekk han i gang med «Barcelona-serien», bøker for barn som nyleg har lært å lesa, og der fortel han historier om sorg og glede på fotballbanen.

I 2015 kom den satiriske romanen Superpularen, som leikar litt med «Fifty shades of grey»-suksess, der lett skandaløs erotikk skaper skandaløse salstal. Seriøse problemstillingar og humoristiske koplingar går hand i hand hos denne forfattaren.

Utgjevingar

  • Diskursteori for barn og fulle folk (Roman, Samlaget, 2022)
  • Puslingar (Roman, Samlaget, 2019)
  • Robot-Birk (Barnebok, Samlaget, 2019)
  • Matias Maradona (Barnebok, Samlaget, 2015)
  • Superpularen (Roman, Samlaget, 2015)
  • Keeperkongen (Barnebok, Samlaget, 2012)
  • Stockholmsyndromet (Roman, Samlaget, 2012)
  • Birk og Barcelonagjengen (Barnebok, Samlaget, 2011)
  • Alle mann i forsvar (Barnebok, Samlaget, 2011)
  • Muntergang (Roman, Samlaget, 2010)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg