Eksemer

Eksem er ei samlenemning for betennelse i øvre del av huda. Ein slik betennelse blir òg kalla dermatitt. Eksem er ein svært vanleg sjukdom. Eitt av ti barn i Noreg har atopisk eksem i periodar. Andre former for eksem er til dømes kontakteksem og seboreisk eksem. Eksem er kjenneteikna av kløande, raud, tørr og flassande hud. Den viktigaste behandlinga er å unngå årsaka om det finst ein klar årsaksfaktor. Hele artikkelen