Ølkjellarkuppet
Forsamlinga under møtet i ølkjellaren 8. november 1923.
Av /Das Bundesarchiv.
Lisens: CC BY SA 3.0

Ølkjellarkuppet var eit kuppforsøk i Tyskland 8.–9. november 1923 der nasjonalsosialistar frå NSDAP prøvde å overta regjeringsmakta i den tyske delstaten Bayern. Kuppforsøket var leia av Adolf Hitler og den tidlegare generalen og krigshelten Erich Ludendorff.

Faktaboks

Også kjend som

Hitlerkuppet

tysk Bierkeller-Putsch, Hitler-Putsch, Hitler-Ludendorff-Putsch

engelsk Beer Hall Putsch, Munich Putsch

Namnet ølkjellarkuppet kjem av at forsøket på maktovertaking starta i ølkjellaren Bürgerbräukeller i München om kvelden 8. november 1923. Dagen etter marsjerte Hitler og støttespelarane hans mot det bayerske forsvarsdepartementet, men på vegen dit vart dei stoppa av politiet, og til saman 21 mennesker vart drepne. Sjølv om kuppforsøket var mislykka, vart det likevel ei vinnarsak for Hitler og NSDAP. Kuppforsøket og den påfølgjande rettssaka gjorde både Hitler og partiet hans landskjende.

Bakgrunn

Den fransk-belgiske okkupasjonen av det demilitariserte Ruhr-området, som var ein del av Versailles-traktaten, fredsavtalen etter den første verdskrigen, skapte sterke protestar over heile Tyskland, men ingen stad var protestane så sterke som i Bayern. Der meinte mange at regjeringa i Berlin var for veik overfor okkupantane.

Hitler og NSDAP prøvde å utnytte misnøya til å presse den bayerske delstatsregjeringa til å vende seg mot regjeringa i Berlin. Målet hans var å overtale den bayerske delstatsregjeringa til å marsjere mot Berlin, inspirert av dei italienske fascistanes marsj mot Roma. Den bayerske delstatsregjeringa ville ikkje bli med på planane.

Forløp

Marsj mot München
Nazistane marsjerar mot München, 9. november 1923.
Av /NTB Scanpix.

Forsøket på maktovertaking starta på eit møte for ulike nasjonalistiske grupperingar i ølkjellaren Bürgerbräukeller om kvelden den 8. november 1923. Vel ein halv time etter at møtet byrja, sørga Hitler for å skaffe seg merksemd frå publikum gjennom å avfyre eit pistolskot.

Deretter erklærte han at NSDAP si paramilitære grein, SA, hadde omringa lokalet, og at den «nasjonale revolusjonen» no var i gang. Om morgonen 9. november marsjerte Hitler og støttespelarane hans mot det bayerske krigsministeriet (forsvarsdepartementet). På veg dit vart dei stoppa og arresterte av det bayerske politiet. I tumultane som oppstod vart fire politifolk, éin tilfeldig forbipasserande og 16 kuppmakarar drepne.

Rettssak

Ølkjellerkuppet

NSDAP-medlemer ved rettssaka etter Ølkjellarkuppet i 1923. Partileiar Adolf Hitler er nummer 4 frå høgre. Til venstre for han står Erich Ludendorff. Hitler vart dømt til fem års fengsel, men sona berre ni månader. Det var under fengselsopphaldet at han skreiv det berømte politiske manifestet sitt, Mein Kampf.

Av /Das Bundesarchiv.
Lisens: CC BY ND 3.0

Kuppforsøket førte til forsoning mellom den bayerske delstatsregjeringa og sentralmakta i Berlin. Partiet NSDAP vart forbode. Våren 1924 vart Hitler stilt for retten. Rettsprosessen var sterkt politisert, både frå dei tiltalte og frå dommarkollegiet si side. Hitler brukte rettssalen til å fremje sitt politiske syn i så sterk grad at den samtidige pressa omtalte rettssaka som Hitler-prosessen.

Hitler vart dømd til fem år i fengsel. Ettersom han var austerriksk statsborgar, og ikkje tysk, skulle han etter gjeldande lov ha blitt utvist etter at straffa var ferdig sona. Det skjedde ikkje. Etter at han hadde sona ni månader i fengsel i Landsberg, vart han sett fri på grunn av «god oppførsel». Under fengselsopphaldet skreiv Hitler store delar av sitt politiske manifest, Mein Kampf.

Følgjer

NSDAP-medlemer i Landsberg fengsel

NSDAP-medlemene som deltok i ølkjellarkuppet i Landsberg fengsel i 1924. Frå venstre: Adolf Hitler, Emil Maurice, Hermann Kriebel, Rudolf Hess og Friedrich Weber.

Av /Bildarchiv Preussischer Kulturbesitz.

Sjølv om kuppforsøket var mislykka, vart det likevel til ei vinnarsak for Hitler og NSDAP. Kuppforsøket og den påfølgjande rettssaka gjorde både Hitler og partiet hans landskjende. Nasjonalsosialistane sjølv mytologiserte kuppforsøktet som eit ærefylt nederlag, og framstilte dei 16 partimedlemene som vart drepne under kuppforsøket som martyrar som gav sitt liv for saka. I 1939 gjorde Hitler 9. november til nasjonal fridag for å ære kuppforsøket og dei døde partimedlemene.

Fleire av dei som seinare gjorde karriere i Hitlers maktapparat deltok i kuppforsøket. Dette gjaldt både Hermann Göring, Alfred Rosenberg og Rudolf Hess.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg