Faktaboks

Ørjan Håskjold Nyland
Fødd
10. september 1990, Volda, Møre og Romsdal
Ørjan Håskjold Nyland.
Ørjan Håskjold Nyland

Ørjan Håskjold Nyland er ein norsk landslagsspelar i fotball, målvakt, som er cupmeister for Hødd og serie- og cupmeister for Molde. Frå 2015 har han vore utanlandsproff i Tyskland, England og Spania. Nyland har skrive boka Ørjans keeperskole. Han spelar i sesongen 2023/2024 for Sevilla.

Fakta

  • A-landskampar: 50. Mål: 0 (per mars 2024)
  • Kampar på aldersbestemde landslag: 16. Mål: 0
  • Klubbar: Hødd (2007–2012), Molde (2013–2015), Ingolstadt (2015–2018), Aston Villa (2018–2020), Norwich (2021), Bournemouth (2021–2022, Reading (2022), RB Leipzig (2022–2023), Sevilla (2023–). Ungdomsklubbar: Mork og Volda

Klubbkarriere

Nyland starta fotballkarrieren i Volda, før han drog til Ulsteinvik og Hødd i 2007. Der fekk han med seg eit cupmeisterskap i 2012 før han drog vidare til Molde i 2013. Nyland debuterte som landslagsspelar i 2013, er førstemålvakt i 2022 og har spela kampar for landslaga for U16 til U23.

Karrieren til Nyland skaut fart då han i cupfinalen i 2012 vart kåra til den beste spelaren på bana då førstedivisjonslaget Hødd slo eliteserielaget Tromsø. I kampen og i den påfølgjande straffesparkkonkurransen fekk Nyland vist fram nokre av sine særmerkte kvalitetar i målvaktspelet, som er god rekkevidde og rask reaksjon.

Høgdepunkta i løpet av dei tre sesongane han var førstemålvakt i Molde var seriemeisterskap og cupmeisterskap i 2014. Frå 2015 til 2018 spela han for tyske Ingolstadt FC. Sommaren 2018 signerte han for Aston Villa, som den gongen heldt til i Championship, det andre nivået i den engelske ligaen. Nyland gjekk rett inn som førstemålvakt og sto i mål dei 23 første kampane i sesongen, men vart langtidsskada rett før nyttår. Aston Villa rykka opp til Premier League etter playoff. Først i november 2019 var Nyland tilbake i troppen, mest som benkeslitar, men han fekk sju kampar i den øvste divisjonen.

Etter det gjekk han først til Bournemouth, deretter til Norwich utan suksess. I mars 2022 fekk han kontrakt med Reading som førstemålvakt sesongen ut. Reading redda så vidt plassen i Championship.

I oktober 2022 signerte Nyland for den tyske Bundesliga-klubben RB Leipzig ut sesongen 2022/2023. Sesongen etter skreiv han under for den spanske klubben Sevilla.

Landslaget

Sidan 2013 har Nyland veksla med Rune Almenning Jarstein om å vere førstemålvakt for det norske landslaget, i ein periode som oftast benkeslitar. I juni 2022, da det vart avvikla fire kampar i divisjon B i Nations League, var han førstemålvakt i alle kampane og ein av Noregs beste spelarar. Noreg vann tre av kampane, mellom anna to mot Sverige, spelte ein uavgjort og leiar gruppa.

Merittar i klubbfotball

Ørjan Håskjold Nyland vart cupmeister tre år på rad med Hødd i 2012 og med Molde i 2013 og 2014. I 2014 vann han òg seriemeisterskapen med Molde og tok dermed «the double».

Personlege merittar

Nyland fekk Gullballen som den beste målvakta i Noreg i 2014.

Bokutgjeving

Nyland har saman med Eirik Ingebrigtsen skrive boka Ørjans keeperskole. I boka, utgjeve i 2016, deler Nyland målvaktsøvingar og gode historier frå livet som fotballproff.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg