Faktaboks

Også kjend som

Ølensjøen, Ølsjøen

Innbyggjartal
1303 (SSB, 2023)
Landareal
1,1 km²
Tettstadsnummer
5021 Ølen

Ølen er ein tettstad i Vindafjord kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,1 km², og har 1303 innbyggjarar (2023).

Ølen (Ølensjøen) er administrasjonssenter i Vindafjord kommune, og var også administrasjonssenter i tidlegare Ølen kommune. I tillegg til kommuneadministrasjonen og eit variert handels- og servicetilbod har tettstaden eit større slakteri (Fatland AS). Ølen tettstad har ein del verdifull, eldre busetnad.

Ølen kommune

Ølen var ein kommune i Hordaland fylke, frå 2002 i Rogaland fylke, og vart i 2006 slått saman med Vindafjord til den nye kommunen Vindafjord.

Ølen blei oppretta som kommune i 1916 ved utskiljing av sokna Ølen og Bjoa frå dåverande Fjelberg kommune. I 1964 blei Ølen utvida med Austre Vikebygd, den delen av Sveio som låg på austsida av Ålfjorden, og Ølen fekk då dei grensene kommunen hadde fram til samanslåinga med Vindafjord i 2006. Ølen utgjorde 1964–2006 dei nordlege delane av den noverande Vindafjord kommune og bestod av dei tre bygdene/kyrkjesokna Vikebygd på austsida av Ålfjorden i sørvest, Bjoa på sørsida av Bjoafjorden i nord og Ølen omkring Ølsfjorden i søraust. Ølen kommune hadde i 1964–2006 eit areal på 181 km2,og ved samanslåinga med Vindafjord 3420 innbyggjarar.

Busetjinga er spreidd langs fjordsidene og dei tilstøytande dalane med eit tyngdepunkt inst i Ølsfjorden, med mellom anna tettstadene Ølen (Ølensjøen) og Ølensvåg (Ølsvågen). E134 frå Haugesund via Drammen til E6 på Vassum i Ås fører gjennom begge tettstadene.

Namnet

Namnet Ølen kjem av norrønt Ǫlund, antakeleg opphavleg namn på Ølsfjorden, av uvisst opphav. Det kan ha samanheng med norrønt ala, «nære, føde», og kan i så fall sikte til at fjorden er rik på fisk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bygdebok for Ølen, 1986-, 2 b.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg