Faktaboks

Innbyggjartal
3643 (SSB, 2023)
Landareal
3,3 km²
Tettstadsnummer
5199 Ågotnes

Ågotnes er ein tettstad i Øygarden kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,3 km², og har 3643 innbyggjarar (2023).

Ågotnes er ein industristad og ligg på nordre del av Sotra. Tettstaden omfattar dei tidlegare tettstadene Ågotnes og Vindenes på austsida av Sotra og Sollsvik på vestsida; desse er vokst saman og er av Statistisk sentralbyrå frå 2013 definert som ein tettstad, Ågotnes.

Ågotnes har basar for oljeutvinning i Nordsjøen og avdeling av Norske Veritas. Landro kyrkje, som ligg mellom Ågotnes og Sollsvik, er frå 1977. Idrettspark i Ågotnes.

Namnet kjem av kvinnenavnet Ågot, norrønt Ágáta, og nes.

Kart

Ågotnes
Ågotnes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg