Østfold

Dialektane i Østfold høyrer til innanfor det vikværske dialektområdet. Bildet viser den tradisjonelle bruktmarknaden på torget i Gamlebyen i Fredrikstad. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Vestfold fylke

Talemålet i Vestfold høyrer med til det vikværske dialektområdet. Det tradisjonelle vestfoldmålet (bygdemålet) har vore i tilbakegang dei siste 40–50 åra. Kystmåla i Vestfold har utvikla seg i retning av bokmålet og standardtalemålet bygt på bokmål. Bildet er frå Røssesundet mellom Tjøme og dei to øyane på austsida, Brøtsø og Hvasser og er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Vikværsk er ei gruppe norske dialekter som blir brukt av folk frå Østfold, Vestfold og Grenland. Vikværsk er såleis den sørlegaste greina av austlandsk. Namnet vikværsk kjem av namnet Vika eller Viken, som i mellomalderen vart brukt om dette området.

Faktaboks

Også kjend som

søraustlandsk, vikske mål

Vikværsk har ein god del felles med midtaustlandske og opplandske dialekter. Ein del dialektologar vil derfor også rekna måla på Romerike, Ringerike og i Akershus som vikværske.

Likskapen mellom dei ulike vikværske dialektene viser at Oslofjorden har vore samlande, og sjøen har vore ei viktig ferdselsåre.

Austnorsk jamvektsmål

Det meste av det vikværske området har køyvd infinitiv og følgjer såleis jamvektsloven. Døme er: å kåmma, å setta (jamvektsord) og å kaste og å finne (overvektsord).

Desse stadene manglar kløyvd infinitiv: Aremark, Idd, Hvaler og Berg, alle i Østfold. I vestvikværsk finn ein ikkje kløyvd infinitiv i Larvik, Skien, Solum, Porsgrunn, Eidanger, Bamble og Kragerø. Overalt er infinitiv-endinga -e den produktive, og i mykje av Vestfold er i dag kløyvd infinitiv borte (sjå nedanfor om dialektendring).

Alle nye verb som kjem inn i språket, får endinga -e: å sjekke, å haike, å surfe. Rundt 1990 kunne ein i Tønsberg høyra at eldre folk sa kåmmå, bæra, lesa og svara, medan dei unge sa kåmma og bæra, men lese og svare.

Dei ytre måla i Østfold skil seg ut, for her har det aldri vore kløyvd infinitiv. I desse ytre måla møter ein fast endinga -e i dei tradisjonelle jamvektsorda. Her heiter det då å kåmme, å vete, å sitte, å være og ei veke, ei hose, en hage, en hane, en hare og så bortetter. Dette blir kalla e -mål.

Lydverk (fonologi)

Vokalar

-ær-ane

Det som særleg skil vikværsk frå måla lenger nord i dei sentrale delar av Austlandet, er at gammal a i vikværsk tradisjonelt er bevart som ein lys æ-aktig lyd framfor konsonant, særleg framfor -r. For eksempel i former som presens kastær og syklær og i substantivformer som fLeire ballær – alle ballane, mange båtær – alle båtane. Uttalen av -a i endinga i ord som ballane og båtane varierer mykje frå stad til stad.

Diftongar

Dei gamle diftongane ei, ey og au har i vestvikværsk blitt til æi, øy og æu/ævv: stæin, røyk og sæu/sevv. Same utviklinga finn ein også i Indre Østfold.

Ytre Østfold skil seg ut. Her, som i svensk, har ein fått monoftongering (vokalforenkling), det heiter då til vanleg: sten (stein), rese (reise), høk (hauk). Viss ingen konsonant følgjer etter diftongen, står likevel denne diftongen som regel ved lag utan å bli forenkla, døme sei (sei) og høy (høy). Elles er det slik at diftongen au i alle kystmåla blir til øy, det heiter då brøyt, frøys, sjøyt og så vidare.

Samanstillinga vokal pluss g blir i vikværsk til diftong (som på Sørlandet og i Østerdalen): væi (veg), bøyd (bygd), døyn (døgn), fæuel (fugl), skæu (skog).Slike former kan i dag bli borte, det heiter då til dømes bygd og ful (fugl, utan tjukk l).

Ø/å

I mykje av vikværsk, særleg i Ytre Telemark og i indre delar av Vestfold, høyrer ein vokalen ø i ord som føLk (folk), gøLv (golv), støLpe (stolpe), høLme (holme), ørm (orm), kørv (korg), kørk (kork), døgg (dogg), trøll (troll), hølle (holde), bølle (bolle). Dialektene ved kysten har å-uttale her.

Æ/a og æ/e

Ein skilnad mellom dei vikværske bygdemåla (dei indre måla) og kystmåla er at bygdemåla har æ-lyd i ord som kæLv (kalv), hæLm (halm), skvæLpe (skvalpe), ærm (arm), hærv (harv), ærbe (arbeid), læbb (labb), stægg (stegg, fugl) og så vidare. I kystmåla heiter det kaLv, haLm og skvaLpe. Slike kystformer kjem nå også inn i dei tradisjonelle bygdemåla.

E/a og e/i

I Ytre Telemark og i delar av Vestfold vekslar tradisjonelt vokalen a med e i mange ord: stabbe/stebbe, padde/pedde, stall/stell og så vidare. Her vekslar også e med i: medda/midda (middag), reps/rips, skrett/skritt, bresk/brisk og så vidare.

Tjukk l

Tjukk l
Tjukk l
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Det meste av vikværsk ligg innanfor tjukk l-området, med former som bLo (blod), kLar (klar) (= ord der skriftmålet har l), og jæLe (gjerde), joLe (gjorde), en gåL (gard) (= ord der skriftmålet har rd). Heilt sør i vestvikværsk finn ein at Kragerø, Brevik og Langesund ikkje har tjukk l. Her, i til dømes Kragerø, blir l i skriftspråket også uttalt på ein spesiell måte. Lyden får ein svak j-aktig klang. Tungespissen blir ved denne lyden trekt lenger fram i munnen enn slik uttalen tradisjonelt er elles på Austlandet. Denne l-en bli kalla «Østfold- l», sidan den er vanleg i Østfold (sjå dialektar i Østfold). Ein høyrer denne l-lyden i ord som alle, bål, ball, fall, såle, sal. «Østfold-l-en» er i dag også blitt vanleg utanfor Kragerø/Langesund og Østfold og høyrest i dag hos mange språkbrukarar i Oslo og Drammen.

Hv/gv

På austsida av Oslofjorden har norrøn hv- blitt til v: vass, vine, men på vestsida av fjorden har tilsvarande ord tradisjonelt hatt gv- i framlyd: gvass, gvine, «det gikk så det gvein». Dette særtrekket (gv) blir i dag stort sett borte.

Tonelag

Ulik tonegang (ordtone, musikk) i ord av typen sola, boka, døra utgjer eit viktig skiljemerke mellom vestnorske og austnorske dialekter. Vestnorsk har høgtone, austnorsk har lågtone.

Dei vikværske dialektene har, som det meste av norsk talemål, to tonelag. Desse blir kalla tonem 1 og tonem 2. Tonelaga kan skilja ord frå kvarandre, som i ordparet bønder (tonem 1, fleirtal av bonde) og bønner (tonem 2, fleirtal av ei bønne) og huse (huset, tonem 1) og å huse (verb, tonem 2).

Tonegang

Den musikalske utforminga (intonasjonen) av kvart tonem varierer i norsk. Me snakkar då om tonegangen i orda. Tonegangen kjem klarast fram i ord som soLa, boka, døra (tonem 1-ord). I vikværsk, som elles i austnorske mål, har slike ord låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet. Dette blir kalla lågtone. I det vestnorske målområdet har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved LillesandAgder.

Trykk i framandord

Mange ord som har opphavet sitt i andre språk enn norsk, har i austnorsk fått trykket sitt lagt til første stavinga, i ord som: 'tellefon, 'kontingent, 'soldat, 'gittar og så vidare. Slike trykktilhøve er det også i Østfold, Vestfold og nedre Buskerud, medan Grenland i Ytre Telemark har «vestnorske» trykkforhold, med trykk på siste stavinga: tele'fon, konting'gent, sol'dat, gi'tar.

Formverk (morfologi)

Substantiv

Substantiva har desse særtrekka i dei tradisjonelle vikværske måla: hankjønnsorda har -ær og -ane i fleirtal, medan hokjønnsorda har endingane -er og -ene. Bøyinga blir då slik:

Hankjønn:

  • båt – båten – fLere båtær – alle båtane
  • time – timen – fLere timær – alle timane

I delar av Østfold høyrer ein i fleirtal også bøyinga båtær – båtæne og timærtimæne.

Hokjønn:

  • skåL – skåLa – fLere skåLer – alle skåLene
  • jente – jenta – fLere jenter – alle jentene

Inkjekjønn:

  • hus – huset – fLere hus/huser – alle husa/husene

Verb

Dei fleste svake verba kan i tradisjonelle vikværske mål delast inn i to grupper der den første gruppa har endingane -e, -ær, -a, -a, medan den andre gruppa har endingane -e, -er, -te, -t:

  1. kaste – kastær – kasta – har kasta (= a-verb)
  2. gLømme – gLømmer – gLømte – har gLømt (= e-verb)

Mange sterke verb kan har ulike former nord og sør i området:

  • I nord: å fryse – fryser – fræus – har frøsi
  • I sør: å fryse – fryser – frøs – har frøse (Sør-Østfold)
  • I nord: å færa – færer – for – har føri
  • I sør: å fare – farer – for – har fare

Dei sterke verba manglar vokalskifte (i-omlyd) i presens, jamfør former som kåmmer, såver, græver og hågger (av å hogge)

Dialektutvikling

Dei vikværske dialektene gjennomgår i dag same utviklinga som dei fleste dialektene på Austlandet. Granskingar på Austlandet fortel korleis dialektene her utviklar seg til det me kallar standardaustnorsk. Utgangspunktet for denne språkutviklinga er nok Oslo. Men det treng ikkje vera det spesifikke oslomålet, korkje vestkant- eller austkantmålet, som er det ekspansive. Det er det meir generelle folkelege bymålet på Sentral-Austlandet som ser ut til å vera den sterke ekspansive krafta.

Viktige særtrekk blir borte

Mykje tyder i dag på at jamvektsinfinitivane som ender på -æ (eller -a), er på vikande front hos dei unge. Dei tradisjonelle formene å sittæ, å lesæ, å bakæ blir nå til å sitte, å lese, å bake. I Vestfold er det i dag heller lite att av kløyvd infinitiv.

Mange ord og bøyingsformer med tradisjonelle vikværske endingar på -ær og -ane får i dag endingane -er og -ene. Eksempel er hestær blir hester, hestane blir hestene, styggære blir styggere, en bakær blir baker, kastær (presens) blir kaster og så bortetter. Einstava inkjekjønnsord har i vikværsk hatt denne tradisjonelle bøyinga i fleirtal: fLere huser, alle husene. I dag er bøyinga slik: fLere hus og alle husa.

Framandord som diskutere, stasjon, gitar og bensin har tradisjonelt hatt trykk på første stavinga innanfor mykje av det vikværske målområdet: 'diskutere, 'stasjon, 'gittar og 'bensin. I dag får ord av dette slaget trykket plassert på siste stavinga og lyder slik: diskut'ere, sta'sjon’, 'gi'tar, ben'sin. Denne endringa er komen opp etter mønster av standardtalemålet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Andersen, Birger Alfred (1978): Utsyn over målføra i Østfold. I: Bygd og by i Norge. Østfold. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.
  • Endresen, Rolf Theil (1990): Vikværsk – målet i Østfold, Vestfold, Grenland og Nedre Buskerud. Trykt i Jahr, Ernst Håkon (redaktør): Den store Dialektboka. Oslo: Novus. (Side 89–100).
  • Johnsen, Sverre Stausland (2015): Språkendringar langs Oslofjorden. Trykt i Sandøy, Helge (redaktør): Talemål etter 1800. Norsk i jamføring med andre nordiske språk. Oslo: Novus forlag. Side 125–158.
  • Kristiansen, Elsa (1999): «Haldningar til vikværsk». I: Kleiva med fleire (redaktør): Austlandsmål i endring. Oslo: Samlaget.
  • Lundeby, Einar (1995): Østfoldmål. Gressvik: Østfold Mållag.
  • Steinsholt, Anders (1980): Vestfoldmål. Trykt i Bygd og by i Norge. Redigert av Vilhelm Møller. Oslo: Gyldendal forlag. Side 372–382.
  • Steinsholt, Anders (1964): Målbryting i Hedrum. Trykt i Skrifter frå Norsk målførearkiv XIX. Oslo.
  • Strømshaug, Kristian, Borg, Arve og Øverby, Joleik (redaktørar) (1995): Mål i Østfold. Oslo: Novus.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg