Vigesimalt talsystem er eit talsystem der grunntalet er 20.

Det vanlegaste talsystemet i verda i dag er titalssystemet (dekadisk talsystem), der grunntalet er 10. Det finst spor av eit vigesimalt talsystem i fleire europeiske språk, mellom anna dansk, fransk, baskisk og keltiske språk. Det vigesimale talsystemet har òg blitt brukt av ainoar, inuittar og av fleire folkeslag i Mesoamerika.

Danske tal er til dømes i hovudsak basert på titalssystemet, men også delvis basert på det vigesimale talsystemet. Frå 0 til 49 er dei danske tala like dei norske tala, men derfrå tel danskane sneis (20). Til dømes blir 60 sagt tres (tre sneiser) og 80 er firs (fire sneiser).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg