Vass- er ei bøyingsform som både i nynorsk og bokmål blir brukt i samansetjingar til vatn (i bokmål også vann-).

Faktaboks

Uttale

vˈass-

Etymologi

av norrønt vaz, genitiv av vatn; sjå også vatn

Vass er ei samantrekkjing av vatns (genitiv eintal av vatn) som i norrønt, via forma vatz, gav forma vaz.

Andre ord med same konsonantgruppe i utlyd i nominativ, som botn, hadde ei anna genitivsending (-ar, botnar) i norrønt. Det var difor ikkje grunnlag for ei lydendring som i vass, og det er inga fuge, ingen bindebokstav, i samansetjingar med dette ordet i nynorsk i dag.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg