Vadmelssokk er ei strømpe som tradisjonelt er laga av heimevove ullstoff. svart eller mørkblått til kvinne og eller grått eller kvitt ullstoff til mann.

Faktaboks

Også kjend som
vadmålssokk

I folkedrakttradisjon er det to slag vadmelssokkar: ein snøsokk sauma av rettvinkla tøystykke delt i to trekantar, eller ein trang sokk, strambesokk, der stoffet er lagt på rett.

Vadmelssokkane er anten med tå av stoff, med strikka tå eller heilt utan tå.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Aagot Noss: Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark, 2003; Klesskikk i Tinn, 1999

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg